(c) 2010 TV 2 AS Ansvarlig redaktør: Alf Hildrum |
- Hafjell Onsdag 27. januar kl. 17.00-21.00
- Kongsberg Fredag 29 januar kl. 17.00-21.00
- Varingskollen Lørdag 30. januar kl. 17.00-22.00
- Svarstad Fredag 5. Februar kl. 17.00-22.00
- Oslo Skisenter (Grefsenkollen)
Lørdag 6. februarkl. 17.00-21.00 - Grong Fredag 12. februar kl. 17.00-22.00
- Vassfjellet Lørdag 13. februar kl. 17.00-21.00
- Ålsheia Fredag 19. februar kl. 17.00-22.00
- Voss Fjellandsby Søndag 21. februar kl. 12-16.00
Voss Fjellandsby Søn 21. Feb Kl.12-16:00
I Myrkdalen finn du Voss Fjellandsby, ein ny skidestinasjon like utanfor sentrum av Voss. Her finn du eit skianlegg med 6 heisar og trekk, hotell, hytter og leilegheiter. Skianlegget er ypparleg for familiar som vil ha enkel tilgang til skianlegget og god tilrettelegging for born og nybyrjarar. All overnatting ligg i ski inn-ski ut avstand frå skianlegget.
Løypenettet er tilpassa heile familien, og i parken kan du prøva deg på ulike hopp og rails. I tillegg kan du prøva den nye ski cross-løypa med mange hopp og element. Skianlegget ellers har 610 meter høgdeforskjell og ligg fint stort sett over tregrensa. Løypene er breie og fine med god plass. Vil du ha oppfrisking av skiteknikken eller læra noko heilt nytt? Prøv ein runde med skiskulen. Her kan du kanskje læra nokre triks av OL-vinnar Lars Bystøl, eller andre erfarne instruktørar.
Du finn også skiutleige i skianlegget. Myrkdalen er også kjent for å vera svært snøsikker, og mange entusiastar har oppdaga dei flotte områda for laussnøkøyring i og rundt anlegget. Stølsheimen og Vikafjellet ligg også like i nærleiken der du kan ta flotte turar på bortover-ski.
Matopplevingar er ein viktig del av ein skiferie. I skianlegget i Myrkdalen finn du 5 ulike serveringsstader. Her får du hamburger og pommes frites, baguettar, betasuppe, fish&chips, raspekaker, bacalao, risgraut og mange andre kjekke rettar. Ynskjer du ein skikkeleg tre-rettar eller meir avanserte ting, så ordnar me det også.
Frå Bergen kan du køyra på under 2 timar, ellers kan du ta toget til Voss og ta skibussen til Myrkdalen i helgene.
www.vossfjelllandsby.no



